Fiske i Ulnes sameige

Fiskekort og fiskereidskap

NB! Desse aurane vart fiska for få år sidan i eit vatn i Ulnes sameige, men han som tok desse fiskane “greier ikke å hugse” kor han gjorde denne fangsten. Men mykje fin fisk finns det rundt om kring.

Grunneigarar med sameigerett kan fiske med garn, line, oter og stong utan fiskekort.

Andre kan kjøpe fiskekort på iNatur. Då får du lov å fiske med stong / handsnøre.

Fiskekort kan og kjøpast på Langestølen kolonial. Der er det også nokre oterkort å få kjøpt for ikkje-sameigarar!

Fiskeslag

I Tisleifjorden, tjerna og bekkane er det både aure og abbor. I enkelte bekkar og tjern finns nok ikkje båe fiskeslaga.

Båtbruk

Det er lov å fiske i frå båt, men det er berre i Tisleifjorden at det er å bruke motor på båten.

Du kan fritt ha ein båt liggande i to døgn på ein stad.

Vil du ha båt liggande lengre, må du søke fiskestyret om dette. Dei vil tildele ein plass til deg i ca. det området du ynskjer å ha den.
Årleg pris er for tida (2024) kr 600???. Du må merke båten med både navn og mobilnummer.

Fiskekart

e-post styret : sameigefiske#ulnes.no
e-post kasserar: kasse-us#ulnes.no

Fiskestyret

FunksjonNavnI styret fråPå valg
MedlemArvid Hansen20132025
MedlemTerje Norodd Holden20182026
MedlemIda Ask20232027
MedlemEirik Bujord20242028
VaraKnut Eivind Ødegårdårleg
Vara
Daniel Johnsenårleg

Alle som er medeigarar i sameiga, kan snart logge seg inn via menyen for meir informasjon.

Ulnes utmarkslag SA er administrator av Ulnes sameige.

Stølsvegane i Ulnes sameige
er administrator av dei viktigaste vegane i sameiga.

Skroll til toppen