Stølsvegane i Ulnes sameige

I samarbeid med Tisleivegen om summar-halvåret om bomsystemet.

Vegkart



Stølsvegane i Ulnes sameige driftar dei største stølsvegane som ligg i sameiga. Desse vegane er merka med raud farge på kartet. Tisleivegen er merka med blå farge.

Lokale vegar på stølslag og ein del andre vegar ligg ikkje under “Stølsvegane i Ulnes sameige” sitt ansvarsområde.

Vinterbrøyting

Det er berre strekningen Stubbeset – Gommostølen som blir brøyta vinterstid i vår regi.

Gauklivegen frå Foroset til Gauklie blir brøytt på privat basis i vintersesongen.

Det er og andre vegar som blir brøytt om vinteren, men her kan det variere frå vinter til vinter.

Bomsystemet

AUTOMATBOMMAR

Det er fem automatbommar i vegsystemet til Stølsvegane i Ulnes sameige og Tisleivegen.

  • Stubbeset (Vaset-området)
  • Einarsetvegen (Mørke)
  • Brattstølen
  • Tisleidammen på vegen til Oset
  • Flya (grensa mot Vestre Slidre)

BOMKORT

Sesongkort for stølsvegane er kjekt å ha om du er ein del turar til fjells. Då bør du kanskje skaffe deg eit kort til å bruke i bomstasjonane

Bomprisar

Pris
Enkeltbillett – Kort / Mynt50 kr
Enkeltbillett – SMS60 kr
Årskort900 kr
Pris for å nye / erstatte bombrikke200 kr
Innlogga brukarar kan også sjå prisar for andelseigarar

Grunneigarar med vegrett kan ha inntil tre bomkort. Kortet kan også brukast frå Stubbeset til Gommostølen om vinteren.

Stølsvegane i Ulnes sameige

FunksjonNavnStølslagI styret fråPå valg
LeiarKnut Ola RognåsLangestølen20082026
MedlemErik Kvale RyeTyrisholt20232027
MedlemJens Ola KamrudLangestølen20092028
MedlemSigurd RognåsLangestølen20212025
VaraLeif Erik BøBrattåsenårleg
VaraAlf UnderdalValtjednstølenårleg
KasserarSigrun Irene Rognås

e-post til styret: vegstyret@ulnes.no
e-post til kasserar: stolsvegane@ulnes.no

/

Vedtekter for Stølsvegane i Ulnes sameige

Alle som er medeigarar i sameiga, kan snart logge seg inn via menyen for meir informasjon.

Ulnes utmarkslag SA er administrator av Ulnes sameige.

Stølsvegane i Ulnes sameige
er administrator av dei viktigaste vegane i sameiga.

Skroll til toppen